Der synligheit møter strategi
Bak Nydal Marketing står eg, Vivian F. Nydal. Eg held til i Norddal på Sunnmøre, men jobbar med bedrifter og prosjekt i heile Møre og Romsdal – og elles i landet.
Eg hjelper bedrifter med å bli meir synlege i digitale kanalar gjennom strategi, godt innhald og målretta marknadsføring i sosiale media.

Eline K. Fladseth
Med bakgrunn frå hotell og reiseliv har eg alltid hatt reiselivet tett på. Våren 2024 fullførte eg ein bachelor i digital marknadsføring og marknadsføringsleiing. Sidan den gong har eg mellom anna jobba som innhaldsprodusent med marknadsføring av Møre og Romsdal som reisemål gjennom Visit Northwest Norway. Det har gitt meg verdifull erfaring, eit stort nettverk og ikkje minst god innsikt i kor mykje godt innhald og strategisk synlegheit faktisk betyr.
Eg har jobba med bedrifter og prosjekt innan fleire ulike bransjar – frå reiseliv og bygg til arrangement, organisasjonar og offentlege prosjekt. I dag driv eg Nydal Marketing og jobbar med ulike kundar, prosjekt og samarbeid.
Nydal Marketing handlar om synlegheit, strategi, planlegging og ekte historier. Eg hjelper bedrifter med å finne den raude tråden i marknadsføringa og skape innhald som gjer at dei blir sett, hugsa og valde.
Eg har ei særleg interesse for sosiale medium og innhaldsproduksjon, og mobilen er eit av dei viktigaste arbeidsverktøya mine. For meg treng ikkje godt innhald vere komplisert – det viktigaste er at det er relevant, gjennomtenkt og ekte.
Det er der synlegheit møter strategi.
Treng du hjelp med sosiale media eller digital marknadsføring?
Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat. Saman finn vi ei løysing som passar bedrifta di og det du ønskjer å oppnå.