Tjenester

Der synlegheit møter strategi

Bak Nydal Marketing står Vivian F. Nydal. Eg hjelper bedrifter med å skape synlegheit, engasjement og vekst gjennom strategisk og målretta marknadsføring i sosiale medium.

  • Strategi og innhald
  • Faste samarbeid
  • Annonsering
  • Influensar samarbeid og innhaldsproduksjon
  • Kurs
Dame tar bilde av fjorden i solnedgang
Fotokamera ikon

Stephanie Grande

Lavterskel Mini-kurs: Bli synleg på 1–2–3

Pris: 4 500,- eks. mva. (2,5 timer)

Eit inspirerande og praktisk éin-til-éin-kurs for små og mellomstore bedrifter som vil kome i gang med sosiale medium – utan stress, avansert utstyr eller store budsjett.

I løpet av 2,5 timar går vi gjennom det viktigaste du treng for å få betre kontroll og bli tryggare på eiga marknadsføring.

Dette får du:

    • Korleis du blir synleg på ein enkel måte – med riktig bruk av namn, bio, stadmerking og relevante emneknaggar
    • Konkrete tips til bilete, tekst og korte videoar laga med mobilen
    • Korleis du kan planleggje og publisere jamt utan at det tek for mykje tid
    • Ein enkel mal for innhaldsplan som gir deg retning for dei neste vekene
    Kurset passar for små bedrifter, lokale aktørar og gründerar som ønskjer personleg rettleiing og konkrete råd tilpassa si eiga bedrift.
Lavterskel Mini-kurs

Oppstartspakke – strategi + innhald

Pris frå 15 000, - eks. mva.

Vi startar med å kartleggje kven du er, kva du ønskjer å oppnå – og korleis vi kan synleggjere dette på ein måte som faktisk treff. Målet er å skape ei tydeleg retning og eit solid fundament for vidare arbeid i sosiale medium.

Dette kan eg hjelpe deg med:

  • Strategi med tydeleg retning – Vi ser på kvar du står i dag, kva som gjer bedrifta di unik og kva mål du ønskjer å nå. Deretter utarbeider eg ein gjennomførbar plan tilpassa deg og bedrifta di.
  • Innhald som byggjer merkevara di – Eg produserer tekst, bilete og video tilpassa kanalane og målgruppa di. Har du ein biletbank frå før, brukar vi sjølvsagt denne saman med nytt innhald.
  • Planlegging og publisering – Planlegging er noko av det Nydal Marketing er best på. Du slepp å lure på kva som skal publiserast og når. Eg planlegg, produserer og publiserer – alltid med utgangspunkt i strategien vi har lagt.
  • Oppfølging, dialog og nærvær – Eg følgjer med på kommentarar, meldingar og annan aktivitet, og sørgjer for at bedrifta di er synleg, profesjonell og aktiv i eigne kanalar. God dialog byggjer tillit – og det tek vi på alvor.
  • Analyse og vidare utvikling – Du får rapport éin gong i månaden, slik at vi kan sjå kva som fungerer og justere innhaldet undervegs.
  • Annonsering ved behov – Ønskjer du ekstra synlegheit rundt kampanjar, arrangement eller andre satsingar? Eg kan setje opp målretta annonser innanfor budsjettet ditt, med fokus på å nå riktig målgruppe.

Oppstartspakken er første steg for nye kundar som ønskjer eit fast samarbeid med Nydal Marketing.

Eit godt samarbeid startar med at eg blir kjent med bedrifta, målgruppa, kanalane og kva de ønskjer å oppnå. Dette gir oss eit solid grunnlag før vi går vidare med fast innhaldsproduksjon og publisering.

Oppstartspakke

Innhaldspakkar – fast samarbeid

Ta kontakt for tilbod

Fast samarbeid kan til dømes innehalde:

4 innlegg per månad
6 innlegg per månad eller ei skreddarsydd løysing etter behov
Publisering i avtalte kanalar

Slik fungerer eit fast samarbeid

Når strategien og grunnlaget er på plass, handlar det om kontinuitet. Med eit fast samarbeid får bedrifta di jamn og profesjonell synlegheit i sosiale medium – utan at du må bruke tid på å gjere alt sjølv.

Eg tek ansvar for planlegging, produksjon og publisering, og sørgjer for at innhaldet har ein tydeleg raud tråd og byggjer merkevara over tid.

Dette får du:

Innhald som byggjer merkevara di
Tekst og visuelt innhald som heng saman, er tilpassa målgruppa og styrkjer profilen din over tid.

Planlegging og publisering
Eg sørgjer for at innhaldet blir planlagt og publisert jamt og strategisk – slik at bedrifta held seg synleg.

Oppfølging og nærvær
Eg følgjer med i kanalane og bidreg til at bedrifta di framstår aktiv, tilgjengeleg og profesjonell.

Enkel analyse og justering
Vi ser på kva som fungerer, og eg gjer nødvendige justeringar undervegs.

Denne pakken passar for deg som ønskjer stabil synlegheit og eit profesjonelt uttrykk – utan stresset med å lage og planleggje alt sjølv.

Har du behov for ei anna løysing? Eg skreddarsyr gjerne eit opplegg som passar bedrifta og behova dine.

Fast samarbeid

Samarbeid og UGC innhald

Opphald (bu + mat) blir dekt av oppdragsgivar – eventuelt honorar blir avtalt etter omfang

Eg besøker hytta, overnattingsstaden, produktet eller opplevinga di og skaper ekte og engasjerande innhald frå opphaldet – produsert med mobilkamera.

Eg brenn for storytelling, reiseliv og lokale opplevingar, og ønskjer å vise fram både staden, stemninga og det som gjer opplevinga unik.

Samarbeid via @vivianfjellstad
Vi avtalar innhald som blir delt gjennom min eigen Instagram-konto. Det kan til dømes vere ein samarbeidspost, reel og storytelling under opphaldet. Bedrifta får samtidig eit utval bilete og videoklipp som kan brukast vidare i eigne sosiale medium.

UGC / innhaldsproduksjon
Ønskjer du først og fremst nytt innhald til dine eigne kanalar? Eg kan produsere bilete og korte videoklipp som bedrifta får til bruk i eiga marknadsføring – utan at hovudfokuset nødvendigvis er publisering gjennom min profil.

Passar spesielt godt for
reiselivsbedrifter, overnattingsstader, aktivitetar og opplevingar som ønskjer autentisk innhald og større synlegheit – også i låg- og skuldersesong.

Har du ein stad eller ei oppleving du ønskjer å vise fram? Ta kontakt, så ser vi på kva type samarbeid som kan passe.

Influencer marketing

Lavterskel SoMe-kurs

Pris fra 10 000,- maks 10 deltakere

Et praktisk og jordnært lavterskel kurs for deg som vil ta kontroll over egen markedsføring.

Vi går gjennom:

  • Hvorfor er sosiale medier viktig
  • Instagram fra A til Å
  • Tips til tekst, gode verktøy å bruke, bilde og video
  • Synlighet og trender
  • Hvordan planlegge innhold
  • Maler for inoldsplanlegging

📩 Ta kontakt for påmelding eller bedrifts internt kurs.

SoMe-kurs

Enkel annonsering på Meta

Pris frå 3 000, - eks. mva. (annonsebudsjett kjem i tillegg)

For deg som ønskjer å nå ut til fleire gjennom målretta annonsering på Facebook og Instagram.

Eg hjelper deg med å utforme bodskap, setje opp annonsar og følgje opp resultata undervegs. Ei enkel og effektiv løysing for å gi utvalde innlegg, kampanjar eller arrangement ekstra synlegheit.

Annonsering kan enkelt kombinerast med eit fast SoMe-samarbeid.

Annonsering på Meta