tips sosiale medier

Kva kan Instagram gjere for di bedrift?

Instagram er ikkje berre ein plass for fine bilde og inspirasjon – det er ein av dei viktigaste kanalane du har for å bli sett, forstått og vald i dag. For mange bedrifter er det også ein av dei mest utfordrande – men samtidig ein av dei mest verdifulle, om det blir brukt riktig.

Instagram for bedrifter – kvifor det ikkje lenger er valfritt

Med over ein milliard brukarar kvar månad, ligg det eit enormt potensial på Instagram.
Men det handlar ikkje berre om å vere til stades.
Det handlar om korleis du brukar plattforma.

Eg forstår at det kan vere utfordrande

Eg møter mange bedrifter som ønskjer å bli meir synlege,
men som synest det er vanskeleg å få det til i praksis.

Og det forstår eg veldig godt.

Eg forstår frustrasjonane og utfordringane mange bedrifter står i
når det kjem til å lukkast på denne dynamiske plattforma.

For det som ofte går igjen er dette:
- lite tid
- avgrensa ressursar
- usikkerheit på kva ein skal poste

Og det er heilt forståeleg, og eg kan sikkert ramse opp enda fleire!

Men samtidig må vi vere ærlege:
Vi er i 2026.

Det er ikkje lenger eit “val” å vere synleg digitalt.
Det er virkelig ei nødvendighet!

Eg har sagt det før – og eg seier det igjen:
Er du ikkje synleg i den digitale verda,
så er det nesten som at bedrifta di ikkje eksisterer.

Kva kan Instagram faktisk gjere for di bedrift?

Instagram gir deg muligheit til å:

Bygge merkevare
Ikkje berre gjennom produkt –
men ved å vise menneska bak.
Folk vil sjå kven dei handlar med, ikkje berre logo.

Skape relasjonar
Du får ein kanal der du kan vere nær kundane dine.
Svar i kommentarfeltet. Del små glimt, og vær tilgjengelig.

Drive trafikk til nettsida di
Kva er poenget med ei god nettside
om ingen finn fram til ho?

Instagram er ein perfekt inngang
til å skape interesse og leie folk vidare.

Skape vekst og salg
Når folk ser deg jamt over tid,bygg du tillit.
Og tillit er det som til slutt skapar kundar.

Det handlar ikkje om perfeksjon

Mange trur dei må ha perfekte bilde,
perfekte videoar og perfekte tekstar.

Det stemmer ikkje.

Det viktigaste er at du er:
– jamn
– ekte
– til stades

Det er dei som tør å dele,
som bygg noko over tid.

Start enkelt – men start

Du treng ikkje ein perfekt strategi frå dag éin.
Men du treng ein plan.

Kva vil du vise?
Kva vil du formidle?
Kven vil du nå?

Start der.

Og hugs:
Det er ikkje eitt innlegg som gjer jobben.
Det er kontinuitet.

Oppsummert

Instagram er ikkje berre ein kanal.
Det er ein del av grunnlaget for synlegheit i dag.

Ein plass der du kan:
– vise kven du er
– bygge relasjonar
– skape synlegheit til ønska målgruppe
– og vekse

Men berre om du faktisk brukar han.

📩 Treng du hjelp til å komme i gang – eller få struktur på det du allereie gjer?


Eg tek gjerne ein prat.

No items found.

Se også