Du treng ikkje reise langt for å finne ei ny utsikt og litt luksus i kvardagen. Vi tok turen til Hundeidvik Fjord Retreat – for to døgn med fjord, fjell, badstove og skikkeleg sunnmørsk hauststemning.

Du treng ikkje reise langt for å finne ei ny utsikt, litt luksus og den gode kjensla av å kome seg vekk. Vi tok turen til Hundeidvik Fjord Retreat – og for ei perle vi fann ved fjorden på Sunnmøre.
Vi var fire damer som pakka bilen og tok turen til Hundeidvik for to overnattingar heilt nede ved fjorden. Og på desse dagane fekk vi verkeleg oppleve Sunnmøre slik vi kjenner det best – med omtrent alle variantar av vêr.
Første dagen kom den skikkelege haustkjensla. Det var hustrig ute, og eigentleg perfekt vêr for å trekke inn i varmen. Og akkurat her gjer det ingenting.
Med store vindauge og utsikt rett mot fjorden og fjella kunne vi sitte inne, senke skuldrane og berre nyte utsikta.
Men på Sunnmøre kan ting snu fort.
Før vi visste ordet av det, opna himmelen seg – og vi fekk DEN solnedgangen. Heile landskapet endra seg, og det var berre å finne fram kameraet og komme seg ut. For ein kveld!
Hundeidvik er også eit flott utgangspunkt dersom du, som meg, gjerne vil kombinere eit opphald med ein tur i fjellet.
Tirsdagen testa eg Hovdeåsen, ein enkel og fin tur som vi kunne starte på rett frå hytta. Turen går på tydeleg rås og passar perfekt når du vil ha ein kortare tur og samtidig få med deg flott utsikt.
Denne kan eg verkeleg anbefale.
Og det beste med fjelltur denne dagen?
Det som venta etterpå.
Etter turen stod biff på menyen, før det var klart for noko eg hadde gleda meg skikkeleg til: badstove heilt nede ved fjorden.
Varmen i badstova, fjorden rett utanfor og fjella rundt oss – det er vanskeleg å ikkje kjenne på litt luksus akkurat då.
Og ja. Når badstova ligg så nær fjorden, finst det eigentleg ingen unnskyldning.
Det blei sjølvsagt ein skikkeleg frisk dukkert også!
Kontrasten mellom den varme badstova og det kalde fjordvatnet gjorde opplevinga komplett. Herlighet, så deilig.
Under opphaldet fekk vi også kike inn i den andre hytta på Hundeidvik Fjord Retreat, denne med eitt soverom.
Og wow – så koseleg!
Begge hyttene er flott innreidde, med fine detaljar og ikkje minst naturen som ein stor del av opplevinga. Her er det lett å sjå for seg både ei helg saman med gode venner, ein tur for to – eller nokre dagar heilt for seg sjølv.
For det er kanskje akkurat det eg sit mest igjen med etter desse dagane:
Du treng faktisk ikkje reise langt for å få følelsen av å vere skikkeleg vekke.
To netter ved fjorden. Fjelltur frå døra. God mat. Badstove og fjordbad. Regn, haustvêr og ein heilt fantastisk solnedgang.
Vil du lese meir om hyttene, området eller booke eit opphald? Besøk nettsida til Hundeidvik Fjord Retreat.
Opphaldet var eit samarbeid mellom Nydal Marketing / @vivianfjellstad og Hundeidvik Fjord Retreat.
Foto: Vivian F. Nydal