Frå kafékontor på Bali til tankar om digital synlegheit heime på Sunnmøre. Her er fem ting eg har lagt merke til – og som norske bedrifter kan ta lærdom av.

Det er visst ikkje så enkelt å skru av marknadsføringshjernen, sjølv ikkje når ein sit med ein cappuccino under palmane på Bali!
Dei siste vekene har eg kombinert jobb med å utforske nye kafear, restaurantar og opplevingar. Og som marknadsførar klarer eg sjølvsagt ikkje å la vere å leggje merke til korleis bedriftene jobbar med synlegheit i sosiale medium.
Her på Bali, og spesielt i området rundt Canggu, kryr det av kafear, restaurantar og andre tilbod. Konkurransen om merksemda er stor, og mange av stadane eg har besøkt, har verkeleg forstått verdien av å vere synlege på Instagram.
Eg har notert meg fleire ting undervegs. Noko imponerer meg, medan andre ting får meg til å stoppe opp og reflektere.
Her er fem observasjonar eg tek med meg heim.
Når eg skal finne ein ny kafé eller restaurant her på Bali, er Instagram ofte ein av dei første stadane eg sjekkar.
Og mange av profilane er imponerande godt bygde opp!
Dei har informative bioar, tydelege opningstider, stadmerking og innhald som raskt viser kva eg kan forvente.
Det høyrest kanskje enkelt ut, men dette er grunnleggjande informasjon som framleis manglar hos mange bedrifter.
Mitt tips: Ta ein gjennomgang av Instagram-profilen til bedrifta di. Finn ein potensiell kunde raskt ut kva de tilbyr, kvar de held til, og korleis ein kan besøkje eller kontakte dykk?
Du har berre nokre få sekund på å skape eit godt førsteinntrykk.
På Bali finst det eit enormt utval av kafear og restaurantar. Mange tilbyr tilsynelatande mykje av det same, og då blir det viktig å skilje seg ut.
Det eg har lagt merke til, er kor gjennomførte mange av Instagram-profilane er.
Dei viser fram lokala, maten, atmosfæren og opplevingane. Gjennom bilete og video får eg eit inntrykk av staden før eg i det heile teke har vore der.
Og det fungerer på meg!
Eg har sjølv oppdaga fleire stadar gjennom Instagram som eg seinare har besøkt.
Mitt tips: Vis fram meir enn berre produktet eller tenesta di. La potensielle kundar få sjå menneska, miljøet og opplevinga rundt det du tilbyr.
Det er ofte heilskapen som gjer at nokon vel nettopp di bedrift.
Dette er kanskje noko av det eg har lagt mest merke til!
Når eg har besøkt ein kafé eller restaurant og tagga dei i ein Instagram-story, har innhaldet ofte blitt delt vidare på deira eigen profil.
Det viser at dei følgjer med på kva gjestene publiserer, og at dei brukar moglegheita til å skape meir engasjement og synlegheit.
Dette blir kalla brukargenerert innhald, eller UGC (User Generated Content).
For ei bedrift kan slikt innhald vere svært verdifullt. Det viser ekte menneske som besøker staden, og gir andre eit innblikk i opplevinga frå gjestene sitt perspektiv.
Mitt tips: Følg med når kundane dine taggar bedrifta. Svar, vis engasjement og del gjerne vidare relevant innhald når du har løyve til det.
Det treng ikkje vere meir komplisert enn som så!
Bali tiltrekkjer seg mange unge reisande, og eg opplever at sosiale medium spelar ei viktig rolle når folk skal finne nye stadar å besøkje.
Ein fin kafé dukkar opp i ein Reel. Nokon deler ein restaurant på story. Ein video frå ein strandklubb får merksemd.
Og plutseleg har du oppdaga ein ny stad du vil besøkje!
Sosiale medium handlar difor ikkje berre om å inspirere. Dei kan også påverke kvar folk faktisk vel å bruke pengane sine.
Dette er minst like relevant heime i Noreg, spesielt innan reiseliv, servering og opplevingar.
Mitt tips: Tenk over kva potensielle kundar søkjer etter og ønskjer å vite før dei vel deg. Bruk tydelege stadnamn, relevant informasjon og innhald som svarar på spørsmåla deira.
Gjer det enkelt å oppdage bedrifta di!
Ein annan ting eg har lagt merke til, er at enkelte bedrifter også brukar AI-genererte bilete i marknadsføringa si.
Og her må eg innrømme at eg er litt delt.
Eg brukar sjølv AI som eit nyttig verktøy i arbeidskvardagen, mellom anna til idéutvikling, planlegging og sparring. Men når det kjem til foto og innhald som skal vise fram ei verkeleg oppleving, er eg framleis ein stor tilhengjar av det ekte.
For kva skjer dersom bileta viser ein atmosfære, ein rett eller eit lokale som ikkje heilt stemmer med verkelegheita?
Eg meiner at det kan påverke tilliten til bedrifta.
AI kan absolutt vere eit godt hjelpemiddel i marknadsføringa. Men vi bør vere bevisste på kvar grensa går mellom kreativ bruk av teknologi og innhald som kan gi eit misvisande inntrykk.
Mitt tips: Bruk gjerne AI til å effektivisere arbeidsprosessar og utvikle idear, men ver varsam med å erstatte ekte foto og opplevingar med kunstig generert innhald.
Spesielt dersom du sel opplevingar, mat, overnatting eller andre tenester der kundane forventar at det dei ser, stemmer med verkelegheita.
For meg vil ekte menneske, ekte stadar og ekte historier alltid ha ein viktig plass i god marknadsføring.
Det som imponerer meg mest, er ikkje nødvendigvis kor mykje innhald bedriftene publiserer.
Det er kor enkelt mange av dei gjer det for kundane å finne informasjon, bli inspirerte og velje nettopp deira stad.
Og det er eigentleg noko alle bedrifter kan lære av, uavhengig av bransje eller geografisk plassering.
Du treng ikkje ha tusenvis av følgjarar, publisere kvar dag eller bruke enorme summar på annonsering.
Men du bør ha ein oppdatert profil, ein tydeleg plan og ei bevisst haldning til korleis bedrifta di skal vere synleg.
For god marknadsføring handlar ikkje om å rope høgast, men om å vere synleg, relevant og til stades når kundane treng deg.
Og med det kan eg konkludere med at kafékontor på Bali ikkje berre har gitt meg ein litt annleis arbeidskvardag, men også mykje ny inspirasjon!
Marknadsføringshjernen tek visst aldri heilt fri. Og det er kanskje like greitt!
– Vivian F. Nydal, Nydal Marketing