Mange bedrifter hoppar rett på annonsering – men gløymer grunnlaget som faktisk skapar synlegheit, tillit og relasjonar over tid.
.jpeg)
Eg ser mange brukar annonsering i sosiale media. Og ja – det fungerer. Men det eg ser i praksis, er at mange hoppar over det viktigaste: det organiske innhaldet. For det er her grunnlaget ligg.
Fordi det er meir ekte, meir relasjonsbyggande og kjem jamt over tid. Det handlar ikkje om å gå viralt. Det handlar om kontinuitet.
Mi erfaring er at organisk innhald ofte treff betre – fordi det er meir ekte, meir relasjonsbyggande og kjem jamt over tid. Det handlar ikkje om å gå viralt. Det handlar om kontinuitet. Eg har sjølv fått kundar både gjennom nettverk og gjennom det eg deler i eigne kanalar. Det viser kor viktig det er å vere synleg – også utan store budsjett bak.
Det er ein strategi som krev tid, struktur og forståing. Men gjort riktig, kan det vere noko av det mest verdifulle du jobbar med.