samarbeid

Torvika Seaview - heimen ved havet

To døgn tett på havet, naturen og stillheita. Vi fekk besøke Torvika Seaview – ein stad for å senke skuldrane, hente ny inspirasjon og berre nyte utsikta.

Utsikta fra Torvika Seaview, ein nydelig august kveld.
Fotokamera ikon

Foto: Andrea F.Nydal

Ein liten luksuspause ved havet

Vi var så heldige å få besøke Torvika Seaview – eller Home by the Sea, som dei sjølve så fint beskriv det.

Og for ein plass!

Torvika ligg ikkje langt frå Runde, ytst mot havet på Sunnmøre. Frå Norddal, der eg bur, tok turen rundt tre timar inkludert to ferjer. Men ingen distanse kjennest særleg lang når dette ventar i andre enden.

Allereie då vi kom fram, var det utsikta og roa som tok merksemda. Her kjem du verkeleg tett på naturen og havet – og stillheita var noko heilt eige.

Moderne, roleg – og heilt for oss sjølve

Vi budde i ein moderne Torvika Seaview Pod med store vindauge som verkeleg slepp naturen inn.

Her kunne vi trekke oss tilbake og berre vere. Ingen stress, ingen støy – berre havet, landskapet og ei utsikt ein absolutt ikkje kan klage på.

For meg er dette ein perfekt stad dersom ein ønskjer nokre dagar med ro og avkopling. Men eg oppdaga også raskt at Torvika fungerer svært godt til noko anna eg er veldig glad i: workation.

Kontor med havutsikt

Å kunne ta med seg Mac-en, finne fram kaffikoppen og jobbe medan himmelen skiftar farge over havet – det er ikkje den verste arbeidsplassen eg har hatt. På ein slik stad kjennest det nesten ikkje ut som ein er på jobb.

For meg som jobbar kreativt med innhald og marknadsføring, er miljøskifte ofte noko av det beste eg kan gjere når eg treng nye idear og ny energi.

Og når arbeidsdagen kan avsluttast med rosa himmel, havutsikt og fullstendig ro, skal det godt gjerast å finne betre kreativ input.

Ein stad vi gjerne kjem tilbake til

Torvika Seaview gav oss akkurat den kombinasjonen eg set så stor pris på: natur, komfort, ro og ei oppleving som kjennest litt utanom det vanlege.

Torvika Seaview er ope heile året, så dette treng absolutt ikkje berre vere ein sommartur. Eg kan lett sjå for meg kor fint det må vere her når hauststormane kjem inn frå havet – eller ein mørk vinterkveld med lys og varme inne.

Tusen takk til Mark, Johanna og resten av teamet for eit veldig hyggeleg samarbeid, ein varm velkomst og for at vi fekk bli betre kjende med både dykk og Torvika.

Her er lenka til Torvika Seaview .

Vi kjem gjerne tilbake. 🤍

No items found.

Se også