August kjennest litt som ein ny start. Ferien er over, kvardagen er tilbake – og plutseleg går hausten i rekordfart. No er det tid for å finne tilbake til flyten og sjå framover.

Det er noko heilt eige med august.
For mange kjennest det nesten som første skuledag. Ferien er over, folk kjem tilbake på jobb, innboksen vaknar til liv – og plutseleg skal alt i gang igjen.
For andre har sommaren vore alt anna enn roleg. Jobbar du innan reiseliv, servering, handel eller opplevingar, har du kanskje stått midt i den travlaste sesongen din. Då er det ikkje sikkert du kjem tilbake med fullada batteri. Kanskje treng du eigentleg ein liten pust i bakken.
Men kalenderen ventar ikkje.
Plutseleg er vi midt i august. Hausten skal planleggjast, arrangement skal gjennomførast, kampanjar skal ut – og før vi veit ordet av det begynner vi å snakke om jul.
Sjølv har eg ikkje hatt den lange sommarferien i år. Det har vore aktivitet gjennom heile sommaren, både i Nydal Marketing og hos nokon av kundane mine.
Likevel gler eg meg til tida framover. Til folk er tilbake på jobb, nye prosjekt, møte og planar – og ikkje minst den gode kvardagsflyten igjen.
Det kjennest litt som første skuledag. Blanke ark og ein ny start.
Og kanskje er nettopp no eit godt tidspunkt for å spørje:
Kva skal vi eigentleg få til denne hausten?
Dette gjeld spesielt sosiale media.
Det er lett å tenkje at ein skal «komme i gang igjen» når kvardagen har roa seg litt. Problemet er berre at han sjeldan gjer det.
Plutseleg har det gått tre veker sidan bedrifta publiserte noko, og ein sit igjen med det klassiske spørsmålet: Kva skal vi poste i dag?
God synlegheit handlar ikkje om å ha alt ferdig fleire månader fram i tid. Men det hjelper enormt å vite kva som kjem.
Kva skal skje i september? Kva bør kundane dine vite om i oktober? Har de kampanjar, arrangement eller noko som bør løftast før jul?
Når du begynner å tenkje på dette no, blir det mykje enklare å halde ein jamn flyt utover hausten.
Ein innhaldsplan betyr ikkje at alt må vere bestemt.
Det må vere plass til det som skjer akkurat no – eit augeblikk frå arbeidsdagen, ei nyheit, ein trend eller noko anna du får lyst til å dele.
Men når grunnlaget ligg der, slepp du å starte frå null kvar gong.
Så kanskje august ikkje handlar om å springe fortare, men om å få litt meir struktur før hausten verkeleg tek av.
Eg er i alle fall klar.
Litt som første skuledag – berre med innhaldsplan, kaffikopp og altfor mange faner opne på skjermen.